Middelalder-Oslo

Møter og foredrag

15. november: FOREDRAGSKVELD

Magnus Lagabte gir landsloven

Torsdag 15. november i Hallvardssalen, Gamlebyen skole, Egedes gt 3 kl 19.00:

Professor Jørn Øyrehagen Sunde: Ein fransiskanar på trona Religion, politikk og juss under kong Magnus Lagabøter på 1260- og 70-talet.

På byrjinga av 1240-talet vart det etablert eit frasiskanarkloster i Bergen. Medan Håkon Håkonsson vart krona som faren Håkon IV sin medkonge, fekk Magnus Håkonsson undervisning av franskianarmunkane som no var kome til riket. Då Håkon brått døydde i 1257, vart Magnus faren sin medkonge i staden. Men han slutte aldri å vera ein fransiskanar. Den seinare kong Magnus Lagabøter førte aldri krig, lovgjevinga hans var mellom anna mynta på å avhjelpa fattigdomsproblemet i det norske riket, han var den store hospitalbyggjaren mellom norske kongar, han vart gravlagd i fransiskanarane si kyrkje i Bergen, og han donerte store summar til dei fattige i testamentet sitt. Dette er ein essensiell bakgrunn for å forstå den eineståande Landslova av 1274 - ei av fire riksdekkjande lovbøker som vart gjevne i melllomalderen, ei lovbok som fekk ei levetid på 400 år, og som vart utbreidd og brukt meir enn noko anna lovbok før den franske revolusjonen.

Arrangementet er gratis og åpent for alle, VELKOMMEN!

Til Gamlebyen skole kommer du med trikk nr 18 eller 19 til St Hallvards plass, og bussene 32, 34 eller 70 til Dyvekes bro.

Du er her: Hjem Aktiviteter Møter og foredrag 15. november: FOREDRAGSKVELD